Verbplasseringi i runespråket hev vore rekna som prinsipielt fri (t.d. Krause, Die Sprache der urnordischen Runeninschriften, 1971). Likevel viser det seg at det finitte verbet i flestalle runeinnskrifter er plassert på fyrste- eller andreplass i setningi (i samsvar med den sokalla V2-regelen som gjeld i norrønt mål), og at dei fåe innskriftene der verbet er plassert lenger bak, er av eit serskilt, stilisert slag (Þórhallur Eyþórsson, Futhark 2, 2011). Soleis finn ein som regel samanfall millom sein verb­plassering og allitterasjon i desse innskriftene. Eit godt døme på dette er Gallehus-innskrifti, Ek Hlewagastir holtijar horna tawido, der det er tri allittererande, trykksterke stavingar, og verbet kjem i den fjorde trykksterke stavingi. Med eit mogelegt undantak for det pronominelle subjektet fremst (Mees, Futhark 3, 2012) ser dette ut som ei germansk allittererande langlina.

Interessant nok finn ein den same setningsbygnaden i mange eddakvæde, der det finitte verbet sameleis kann standa lenger bak enn andreplass, utan umsyn til kva type setning det er (Haukur Þorgeirsson, JGL 24 (3), 2012). I skaldediktingi derimot er sein verbplassering avgrensa til sokalla bundne setningar, d.e. undersetningar og hovudsetningar som er innleidde av subjunksjon (Kuhn, PBB 51, 1933). I ubundne setningar stend verbet derimot fast på fyrste- eller andreplass i setningi (V2). Denne verbplasseringi er regelen i norrøn prosa i både ubundne og bundne setningar.

I dette fyredraget vil eg sjå alle desse observasjonane i samanheng og freista å tyda deim ut som ulike poetiske eller stiliserte syntaksar som lever jamsides einannan i ulike sjangrar og som er resultat av at syntaksen hev vorte «frosen» på ulike tidspunkt i målvoksteren, d.e. då dei aktuelle sjangrane vart etablerte. Soleis kann ein setja upp ein syntaktisk kronologi for verbplasseringi i eldre nordisk, der eddadiktingi og dei allittererande runeinnskriftene høyrer til same, tidlege urnordiske sjikt, der det enno var mogelegt å ha det finitte verbet til slutt i alle typar setningar, medan skaldediktingi og flestalle urnordiske runeinnskrifter høyrer til det urnordiske og tidleg norrøne sjiktet der denne verbplasseringi er avgrensa til bundne setningar, og berre den norrøne prosaen syner eigenleg samtidig norrøn syntaks, med V2-regelen gjenomførd.